
Søk støtte til
folkemusikkaktivitetar
Gjennom honorar- og støttefondet kan du søkje om midlar til tiltak som fremjar folkemusikk og dans i Setesdal. Her finn du informasjon om retningslinjer, kven som kan søkje, og korleis du går fram.
🎻 Honorarfond til folkemusikk i Setesdal
Eit samarbeid for å løfte folkemusikken
Honorarfondet til folkemusikk er eit samarbeid mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes, og blir administrert av Setesdal Spelemannslag.
Føremålet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjend og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant utøvarar – spesielt dei unge.
Fondet kan gi støtte til arrangørar som bruker lokale folkemusikarar i sine arrangement. For unge utøvarar kan fondet dekke heile honoraret.
-
Formål: Å fremme folkemusikken og stimulere til aktivitet, spesielt blant unge utøvere.
-
Hvem får støtte: Fondet kan dekke deler av honoraret når folkemusikere med lokal tilknytning blir brukt til arrangementer i Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Evje og Hornnes.
-
Ved bruk av unge utøvere: Kan fondet dekke hele honoraret.
-
Administrering: Fondet administreres av Setesdal spelemannslag.
Kven kan søke og kva kan støttast?
Alle kan søkje – bortsett frå offentlege institusjonar
Arrangørar som lag, foreiningar, bedrifter og privatpersonar kan søkje om tilskot dersom arrangementet skjer i ein av dei fem kommunane.
Støtta kan gjelde:
-
Konsertar og kulturinnslag
-
Jubileum, opningar og representasjonsoppdrag
-
Private samankomstar og «runde dagar»
-
Bedriftssamlingar, konferansar og liknande
Retningsliner og søknad
Slik fungerer ordninga:
Tilskotssatsar:
-
12–15 år: Full dekning, inntil kr 1 500 per utøvar
-
16–18 år: Full dekning, inntil kr 2 500 per utøvar
-
Andre utøvarar: 2/3 dekning, inntil kr 4 000 per utøvar
-
Gruppe over 4 personar: 1/3 dekning, inntil kr 12 000
Slik søker du:
Send ein enkel søknad med info om:
-
Arrangør
-
Type arrangement
-
Tid og stad
-
Utøvar(ar)
-
Avtalt honorar
Viktig å vite:
-
Maks 5 søknader per arrangør
-
Søknader blir handsama fortløpande
-
Utbetaling skjer mot dokumentasjon (bankutskrift e.l.)
📧 Send søknad til:
post@setesdalspelemannslag.no

